Heimebrygg seminar
Stein Langlo skal ha mykje av æra for at bryggetradisjonane i bygdene på Sunnmøre atter blomstrar. Då han var med på å arransgere det fyrste heimebryggseminaret på Ørsta Fjellstove i 1990 vart det innlevert 8 ølsortar til bedømming.
I fjor på seminaret i Norfjordeid vart det innlevert heile 45 øltypar til bedømming, og av høg kvalitet. Bryggaren Kjartan Lied gjekk då av med seieren med eit svært smakfullt juleøl.
Fyrste helga etter påske i år vert det nytt seminar der bryggarane frå Møre til Sogn og fjordane set kvar andre i stemne, denne gong på Bismo i Gudbrandsdalen.
Stein Langlo treff du på Stranda, der kan du få Weyermann malt av beste kvalitet. Han hjelper deg også med humle og gjær og gjerne nokre gode råd om du ynskjer.
Vil du delta på bryggeseminaret på Bismo så er også han rette kontaktperson
Du treff han på mobil: 957 60274
Heimetelefon: 7026 0518